MARKEDSNYHETER
Selgjar/forretningsutviklar aluminiumsbruer
Leirvik AS utviklar løysingar for bruk av aluminium i berande brukonstruksjonar.
Me har tidlegare bygd Noregs einaste køyrebru i aluminium, og me har gjennom fleire studiar og forprosjekt vist at aluminium er eit godt eigna materiale i alt frå korte gang- og sykkelbruer til lange køyrebruer. Leirvik AS investerer dessutan i moderne utstyr og teknologi for automatisk og effektiv bygging av brukonstruksjonane våre. Me ønskjer no å styrkja miljøet vårt med ein selgjar/foretningsutviklar som kan bidra til satsinga vår innan denne marknaden.
Arbeidsoppgåver
- Sal av aluminium som brubyggingsmaterial
- Kontakt med vegeigarar, kundar, entreprenørar og rådgjevingsfirma
- Marknadsføring av aktuelle bruprosjekt
- Utvikling og gjennomføring av strategiplanar
- Bidra til utviklinga av aluminiumsløysingar for brumarknaden
- Aktiv deltaking på relevante konferansar, messer, høyringsmøter etc
Ønska Kvalifikasjonar
- Relevant økonomisk eller administrativ utdanning
- Erfaring med sal av nye produkt i ein etablert marknad
- Nytenkande og kreativ
- God forståing for praktisk byggeverksemd
- Gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskaper
- Løysningsorientert
- Kunna jobba strukturert og sjølvstendig
- Likå å omgås folk og jobba i team
Me tilbyr
- Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver
- Eit triveleg og støttande arbeidsmiljø
- Konkurransedyktig løn
- Gode velferds- og pensjonsordningar
- Gode mogelegheiter for fagleg utvikling