Finn Gunnar Nielsen, Kristin Guldbrandsen Frøysa, Sigrid Eskeland Schütz og Ignacio Herrera Anchustegui skriver om Equinor sitt planlagte prosjekt om en havvindpark utenfor Bergen som vil kunne forsyne Troll- og Osebergfeltene, samt prosessanlegget på Kollsnes, med strøm.
Trollvind
Equinor og partnarar lansert 17. juni planane for den flytande havvindparken Trollvind. Dersom planane vert realiserte, får vi den første flytande havvindparken av kommersiell storleik i norske farvatn. Planen er å levera straum i 2027, noko som er langt tidlegare enn det som er mogleg under dagens konsesjonsregime under havenergilova.
Equinor og partnarar fekk til ei rask utbygging av flytande havvind via Hywind Tampen-prosjektet. Utkast til planprogram vart sendt på høyring 12. september 2018, og med det starta dei formelle lovregulerte prosessane under petroleumslova. Prosjektet skal etter planen vera i drift i tredje kvartal i år.
Hywind Tampen gjekk etter petroleumslova med dei avskrivingsreglane for skatt som følgde av det. Samstundes vart det då ikkje trong for opningsprosess med strategisk konsekvensutgreiing som etter havenergilova. Slike strategiske vurderingar ser på motstridande interesser i moglege havområde for vindkraft og plassering, avgrensing og opning av område skjer etter ei avveging av ulike interesser.
Kan Trollvind gå etter petroleumslova? Det avgjer departementet, som mellom anna må vurdera om det at selskapa forpliktar seg til å kjøpa all produsert straum frå vindparken skaper den naudsynte samanhengen mellom vindkraftproduksjonen og petroleumsutvinninga. Men også under havenergilova kan det gjerast unntak frå kravet til opningsprosess, så lovvalet treng ikkje verta avgjerande for spørsmålet om opning.
Om ein ikkje går vegen via opningsprosess, men rett på prosjektplanlegging, set det særlege krav til utbyggjarane for å søkja å ivareta dei omsyna ein opningsprosess vernar om. Når eit område ikkje på førehand er klarert for havvind, må ein organisera prosessen godt, for å sikra tidleg og reell medverknad av aktørar som representerer andre interesser i området. Ulike alternative plasseringar, teknologi- og designval av betydning for interesser som fiskeri, natur og maritim transport må involverast tidleg.
Trollvind vil vera med på å byggja norsk havvind-næring. Samstundes gjev det havvind-utbyggjarar med petroleumsfelt fordelar, som raske konsesjonsprosessar. Det kan gjera det vanskelegare for andre aktørar i neste runde, som må konkurranse med aktørar som alt har bygd organisasjon og kompetanse. Det tilseier at det ikkje må gå for lang tid før vi også får open konkurranse om norske havvind-felt.
Trollvind er eit stort industriprosjekt. Skalerer ein Hywind Tampen (94 MW) til ein pris på ca 5 mrd kr til 1000 MW og antek 40% kostreduksjon/MW får vi ei investering på over 20 mrd kr. Her bør det liggja mykje godt arbeid for vestnorske bedrifter!
Med Trollvind er ringen slutta med tanke på motivasjonen for å starta arbeidet med å utvikla flytande havvind i Norsk Hydro for 20 år sidan. Utgangspunktet for utviklinga av Hywind var el-forsyning /utsleppsreduksjonar for Oseberg. Med Trollvind er vi der no – 20 år etter oppstarten, men med 10 gongar så stor park.
Professor Sigrid Eskeland Schütz, Bergen Offshore Wind Centre/Juridisk fakultet, UiB
Professor Finn Gunnar Nielsen, Bergen Offshore Wind Centre/Geofysisk institutt, UiB
Kristin Guldbrandsen Frøysa, energidirektør UiB
Førsteamanuensis Ignacio Herrera Anchustegui, Bergen Offshore Wind Centre/Juridisk fakultet, UiB
Fakta om Trollvind
- Vindpark i Troll-området om lag 65 kilometer vest for Kollsnes i Vestland
- Installert kapasitet i størrelsesorden ~1 GW
- Estimert gjennomsnittlig produksjon ~4,3 TWh per år
- Mulig investeringsbeslutning 2023 med potensiell ferdigstilling av parken i 2027
- Vil kunne levere kraft til Troll- og Oseberg installasjonene og prosessanlegget på Kollsnes
- Finansieres gjennom kraftsalg til olje- og gass brukere i Kollsnes område
- Kan levere kraft til et område med en anstrengt kraftbalanse
- Vil kunne gi stabil langsiktig kraftpris og redusere avbruddsrisiko for Troll og Oseberg
- Rettighetshavere i Troll og Oseberg lisensene er: Petoro, Equinor, TotalEnergies, Shell og ConocoPhillips
- Endelig Trollvind partnerskap avklares i det videre arbeidet